Narjan-Mar

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Narjan-Mar
Remove ads

Narjan-Mar (russisk Нарьян-Мар) er ein by i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar og hovudstad i det autonome distriktet Nenetsia. Byen ligg ved elva Petsjora, 119 km frå Barentshavet. Byen har hamn for havgåande skip. Namnet tyder «raud by» på nenetsisk. Han fekk bystatus den 10. mars 1935, seks år etter grunnlegginga av byen og Nenetsia (1929).

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Utvikling av folketalet

Meir informasjon År, Folketal ...

Økonomi

Thumb
Narjan-Mar ved Petsjora.

Byen har ei viktig hamn, for trafikken frå Petsjora og ut i ope hav, og ein flyplass, for trafikk med rutefly til og frå Arkhangelsk og Moskva, og med små dobbeldekkarar ut på vidda. Byen er eit viktig senter for fiskeria, dei har fiske- og sagbruksindustri, og eit slakteri for rein. Nenetsia har fleire rike oljefunn, og både russiske og vestlege oljeselskap har verksemd i Narjan-Mar.

Remove ads

Historia

Narjan-Mar vart grunnlagt som administrativt senter for det autonome området i 1932, og fekk bystatus i 1935. I Sovjettida var byen lukka område. Etter sovjettida har Narjan-Mar fått ei meir internasjonal rolle, m.a. som administrativt senter for ein av medlemsregionane i Barentsregionen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads