Nattklubb

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nattklubb
Remove ads

Nattklubb eller diskotek er ein utestad som held opent på kvelds- og natterstid, og som vanlegvis har unge menneske som målgruppe. Nattklubbar har gjerne bar med alkoholservering, dansegolv og stolar ein kan slappe av i. Det er vanleg med høg musikk, dempa ljossetjing og ljoseffektar. Ein må som regel stå i og passera ei dørvakt for å koma inn på klubben, og det blir ofte kravd inngangspengar.

Thumb
Frå nattklubben Felix ClubRestaurant i Berlin.
Thumb
Nattklubbar er ofte mørke, men bruker lyseffektar.
Foto: Kimmo Palosaari

Utestadane rettar seg ofte mot eit særskild publikum, til dømes gothar, homofile eller dei som liker ein viss type musikk, som rock, trance eller rhythm and blues. Dei kan ha opptredenar frå til dømes musikarar, komikarar eller stripparar for å trekka fleire folk. Blant vanleg tilsette finn ein som regel bartenderar, ein DJ, og folk som ryddar (til dømes ved å samla inn glas).

Ein girer seg gjerne opp til feststemning før ein går til ein nattklubb, til dømes ute på ein bar eller heime på eit vorspiel.

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Nattklubb


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads