Naturgjødsel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Naturgjødsel
Remove ads

Naturgjødsel er organiske stoff ein kan spreia på dyrkingsjord for å tilføra næring. Han kan stamma frå plantestoff, møkk frå dyr eller menneske, eller kompost.[1]

Thumb
Ein møkkadunge i Sveits.

Så godt som all naturgjødsel kjem i dag frå husdyr, som storfe, sauer, geit, griser og høner. Gjødsla inneheld stoff som er danna i tarmane til dyra gjennom stoffskiftet. Møkka frå dyra bør vanlegvis gå gjennom kompostering før ho kan brukast som gjødsel.[2] Naturgjødsel tilfører planetene næringsstoff, reduserer nitrogentap, forbetrar mikrobiologien i jorda, osb.[3] Ein kan også ha naturgjødsel frå guano, tang og tare, halm og slam.[1]

Naturgjødsel blir spreidd som gjødselåker og eng. Naturgjødsel som er blanda med strø som til dømes halm blir etter måten fast og tørr, og blir spreidd med opne naturgjødselspreiarar. Der møkk og land blir samla opp i ein møkkakjellar blir konsistensen blautare, noko som krev bruk av ein møkkaspreiar med tett tank. For svært tyntflytande møkk, og spesielt gylle, blir det nytta tankspreiarar.

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads