Nese i Vik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nese er ei bygd på vestsida av Arnafjorden i Vik kommune i Vestland. Staden ligg 25 kilometers køyring frå kommunesenteret Vik, og har vegsamband dit via Fv92.

Nese er ei jordbruksbygd og var tidlegare eit sentrum i Arnafjorden, med butikk, dampskipskai og post. Desse tenestene er no nedlagde eller flytte. Postkontoret hadde hadde postnummer og -namn 5912 ARNAFJORD, og vart nedlagt i 1978.[1] Soknekyrkja i Arnafjord sokn, Arnafjord kyrkje, står på Nese og staden har vore kyrkjestad sidan 1600-talet. Den noverande kyrkja er den andre på staden og vart innvigd i 1880.[2] Bygda har også ungdomsshus.
Ungane i området går på Valsvik skule i bygda Framfjorden. I Framfjorden er det også barnehage og den næraste daglegvarebutikken.
Remove ads
Historie
Rasulukka i 1811
På natta 2. desember i 1811 gjekk det ei steinskrede som knuste og drog med seg klyngjetunet på Nese på fjorden. 45 av dei kring 60 som budde i tunet omkom.[3] I 2008 vart det innvigd eit minnesmerke på Nese over dei som omkom i skreda [4]
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads