Nesodden Idrettsforening

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nesodden Idrettsforening (stifta 24. juli 1920) er eit norsk idrettslag frå Nesodden i Akershus. Klubben har ca. 1 850 medlemmar og er eit fleridrettslag med tilbod innan basketball, bordtennis, fotball, friidrett, orientering, fekting, ski og skøyter. Klubben har òg ein moderne idrettspark med friidrettsstadion, grasbane, ballbinge, undervarma kunstgrasbane, lysløype, og tilhøyrande klubbhus.

Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...
Remove ads

Fotball

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

I 2009 spelte laget i 3. divisjon. Dei låg godt an til å opprykk, men ein dårleg haustsesong gjorde at dei måtte spele i 3. divisjon òg i 2010, då dei vann avdelinga si og rykte opp til 2. divisjon. I 2011 slo Nesodden ut Follo i første runde av cupen. Follo hadde vore cupfinalist i 2010.

Kjende utøvarar

  • Trygve Kjensli, fotballdommer

Skøyter

Laget var arrangør av den tidlegare offisielle Noregsmeisterskapen for Menn Senior B Allround i 1972, på Berger stadion. Meister vart Kai Roger Olsen, frå Arbeidernes Skøyteklubb, som vann meisterskapen etter tre distansesigrar og fall på 5000 m.

Løparar med medalje i senior-NM

  • Ellen Kathrine Lie, Noregsmeister på skøyter for Ask Skøyteklubb men bronsemedaljevinnner for Nesodden under Sprint-NM 2002
  • Rikke Jeppsson, Noregsmeister Sprint-NM 2011
  • Renate Jeppsson, to gangar bronsemedaljevinner i Sprint-NM
  • Bente Munkerud Aas, bronsemedaljevinner i Allround-NM

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads