Neta'im
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Neta'im (hebraisk skrift נְטָעִים, tyder 'plantasjar') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta kring 4 km sør for Rishon LeZion og dekkjer 1 100 dekar i Gan Raveh regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 502.
Busetnaden vart grunnlagd i 1932 av innbyggjarar frå andre moshavar.[1] Landsbyen vart først kalla Kfar HaVatikim (tyder 'Veteranlandsbyen'), og seinare Neta'im, eit namn teke frå Første Krønikebok 4:23;
Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta'im og Gedera. Der heldt dei til hos kongen og var i teneste hos han.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads