Neu-Ulm

From Wikipedia, the free encyclopedia

Neu-Ulm
Remove ads

Neu-Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved den høgre breidda av Donau i Schwaben med Ulm på den andre sida av elva. Byen oppstod då grensa mellom Bayern og Württemberg vart dradd langs Donau og Ulm vart delt i to. Andre nabobyar er Senden, Pfaffenhofen an der Roth, Holzheim, Nersingen og Elchingen.

Kjappe fakta Land, Stat ...
Remove ads

Historie

Den moderne historia til Neu-Ulm byrja då Ulm vart delt mellom Kongedømet Bayern og Kongedømet Württemberg i 1810. Donau vart grensa mellom desse kongedøma, og landområda på høgresida av elva vart ein del av Bayern. Dette var starten for Neu-Ulm som ein sjølvstendig by.

På denne tida var Neu-Ulm svært liten med berre eit par hus, vertshus og landsbyen Offenhausen. Han vart framleis kalla «Ulm am rechten Donauufer» (Ulm på høgresida av Donau). Namnet Neu-Ulm vart først nemnd i 1814. Byen byrja først vekse i 1841, då Frankfurter Bundesversammlung annonserte at dei ville byggje festninga Bundesfestung.

Thumb
Petrusplatz i Neu-Ulm.

Etter ønske frå Kong Ludwig I vart Neu-Ulm ein del av festninga. Etter at Neu-Ulm vart knytt til jernbanelinja til Augsburg i 1853, kom soldatar til byen, og det vart oppretta ein garnison her.

Byen byrja først å bløme under borgarmeister Josef Kollmann mot slutten av 1800-talet. Ei trikkelinje mellom Ulm og Neu-Ulm vart bygd i 1897, og i 1900 vart vasstårnet (som framleis er eit landemerke) bygd. I 1906 byrja ein å utvide Neu-Ulm utanfor bymurane. Dei første fabrikkane vart bygd, og byen heldt fram med å verte utvida.

Etter den første verdskrigen vart garnisonen nedlagd. Folketalet og velstanden voks, og han vart ein rik by. Den andre verdskrigen råka derimot byen hardt, og om lag 80 % av bygningane vart øydelagd under allierte bombetokt. Alle bruene over Donau mellom dei to byane vart øydelagd.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads