Neubrandenburg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Neubrandenburg er ein by i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg søraust i delstaten ved innsjøen Tollensesee.
Remove ads
Historie
Dei første innbyggjarane på staden var premonstratenmunkar i eit kloster ved breidda av innsjøen (om lag 1240). Sjølve byen Neubrandenburg vart grunnlagd i 1248 då markgreven av Brandenburg valde å byggje ein by i dei nordlege delane av lenet sitt. I 1292 vart byen og det omliggande området ein del av Mecklenburg.

Foto: Axel Brocke
Byen blømde som eit handelssentrum fram til trettiårskrigen (1618–1648). Den svenske hæren til Gustav Adolf omleira og tok byen, som vart teke tilbake av den katolske ligaen i 1631. Det finst mange rapportar som seier at dei katolske styrkane tok livet av mange svenske og skotske soldatar etter dei overgav seg. Seinare, i følgje den skotske lykkeriddaren Robert Munro, skal svenskane ha gjort det same då dei utan nåde tok livet av overlevande med ropet «Neubrandenburg!». Byen spelte derfor ei rolle i å brutalisere ein av historia sine allereie mest brutale krigar.
Under den andre verdskrigen låg det ein stor krigsfangeleir kalla Stalag II-A nær byen. I 1945, få dagar før slutten av krigen, øydela ein storbrann 80 % av gamlebyen. Sidan den gong har dei fleste viktige historiske bygningane vorte bygd opp att.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads