Newt Gingrich

amerikansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Newt Gingrich
Remove ads

Newt Gingrich (fødd 17. juni 1943) er ein tidlegare amerikansk politikar i Sambandsstatane. Han var leiar (engelsk speaker) av Representanthuset frå 1995 til 1999. Gingrich representerte republikanarane.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Gingrich vart vald inn i Kongressen i 1978 i eit distrikt sør i delstaten Georgia. Han vart gjenvald ti gonger, dei fleste gongene utan særleg motstand.

Dick Cheney vart utnemnd til forsvarsminister i 1989 overtok Gingrich embetet som nestleiar (minortiy whip) for den republikanske minoriteten.

Før valet i 1994 kom Gingrich med ein «Kontrakt med Amerika». I kontrakten lovde Gingrich mellom anna å reformere velferdssystemet, ei ny og hard linje mot kriminalitet og balanserte statsbudsjett. Kontrakten vart ein suksess, og republikanarane vann fleirtalet i Representantane sitt hus for fyrste gong sidan 1954.

Den 4. januar 1995 overtok Gingrich som leiar av huset. Mange av punkta i kontrakten vart vedtekne, trass sterk kritikk frå president Bill Clinton og demokratane. Resten av presidentperioden til Clinton vart svært vanskeleg for regjeringa, då den republikanske majoriteten i både huset og senatet blokkerte mange budsjettforslag.

Valet i 1998 var skuffande for republikanarane. Gingrich hadde før valet gått hardt ut mot Clinton på grunn av den såkalla Lewinsky-skandalen, og dei fleste trudde på eit republikansk valskred. Då republikanarane faktisk tapte fem sete, vart presset mot Gingrich stort. Han valde difor å trekkje seg både frå stillinga som leiar og frå setet i Representantane sitt hus.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

  • Brattebo, Douglas M. (2012) "You're a Mean One, Mr. Gingrich: The Inbuilt, Ruinous Incivility of Newt", American Behavioral Scientist (2012) abstract
  • Drew, Elizabeth. (1996) Showdown: The Struggle Between the Gingrich Congress and the Clinton White House (Simon and Schuster, 1996)
  • Fenno Jr., Richard F. (2000). Congress at the Grassroots: Representational Change in the South, 1970–1998. UNC Press. ISBN 978-0-8078-4855-5.
  • Gillon, Steven M. (2008) The pact: Bill Clinton, Newt Gingrich, and the rivalry that defined a generation (Oxford UP, 2008).
  • Kabaservice, Geoffrey. (2012) Rule and ruin: the downfall of moderation and the destruction of the Republican party, from Eisenhower to the tea party (Oxford University Press, 2012)
  • Little, Thomas H. (1998). «On the Coattails of a Contract: RNC Activities and Republicans Gains in the 1994 State Legislative Elections». Political Research Quarterly 51 (1): 173–90. doi:10.1177/106591299805100108.
  • McSweeney, Dean and John E. Owens, eds. (1998) The Republican Takeover of Congress (1998).
  • Maraniss, David, and Michael Weisskopf. (1996) Tell Newt to shut up!: prizewinning Washington Post journalists reveal how reality gagged the Gingrich revolution (Simon & Schuster, 1996)
  • Nagle, John Copeland, and William N. Eskridge. (1995) "Newt Gingrich, Dynamic Statutory Interpreter." University of Pennsylvania Law Review 143: 2209–2250 online
  • Rae, Nicol C. (1998) Conservative Reformers: The Republican Freshmen and the Lessons of the 104th Congress (M.E. Sharpe, 1998)
  • Strahan, Randall (2007). Leading Representatives: The Agency of Leaders in the Politics of the U.S. House. Johns Hopkins University Press. ISBN 978-0-8018-8691-1.
  • Steely, Mel. (2000) The Gentleman from Georgia: The Biography of Newt Gingrich (Mercer University Press, 2000)
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads