Nicolai Andresen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nicolai Andresen (24. september 1781–18. november 1861) var ein danskfødd kjøpmann og politikar, busett i Christiania frå 1801.
Andresen var frå Tønder i Sønderjylland, son til ein skreddarmeister. Sjølv var han i ein del år tilsett hos ein kjøpmann i Flensburg. I 1801 kom han til Christiania og vart kompanjong hos kjøpmann G.F. Hagemann. Frå 1809 til 1845 dreiv Andresen eigenhendig ei grossist- og bankforretning i den norsk hovudstaden. Bankverksemda hans var elles grunnlaget for den seinare etablerte Andresens Bank.
Gjennom fleire tiår sat Andresen i fleire utval og kommisjonar som stelte med bank- og finanssaker. Han møtte på Stortinget 1818 som varamann for Paul Thrane, og var i 1824 fyrsterepresentant for Christiania på tinget. I 1818 var han medlem av ti komitear, mellom andre i budsjettkomiteen, om handelsflagget og om vekslar/vekselrenter. Andresen var medlem av det fyrste bystyret i hovudstaden og var bystyremedlem 1837-43.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Norsk biografisk leksikon
- Biografisk informasjon om Nicolai Andresen ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
