Nikolaj Gusakov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nikolaj Nikolajevitsj Gusakov (14. mai 193414. desember 1991) var ein sovjetisk kombinertrennar frå Petrozavodsk som vann bronsemedaljen i kombinert under vinterolympiaden i Squaw Valley. Han var den fyrste sovjetiske utøvaren som vann ein olympisk medalje i kombinert, og den fyrste sovjet-russaren som vann kombinertøvinga Holmenkollrenna.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Gusakov vart nummer sju i sin meisterskapsdebut under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Året etter vart han nummer fire i Lahti-spelen, medan han same staden kom på åttandeplass då ski-VM gjekk av stabelen vinteren 1958.

Under olympiaden i Squaw Valley i 1960 fekk Gusakov bronsemedaljen, tyske Georg Thoma vart olympisk meister og norske Tormod Knutsen tok sølvet. Året etter vann Gusakov kombinertrennet i Holmenkollen, fire poeng framom Ole Henrik Fagerås på andreplass, med Tormod Knutsen hakk i hæl. I 1964 vart Gusakov nummer fire i kombinert under vinterleikane i Innsbruck.

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads