Nikopol i Ukraina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nikopol (ukrainsk Ні́кополь; russisk Ни́кополь; gresk Νικόπολις, tyder Sigersbyen) er ein by i Ukraina i Dnipropetrovsk oblast, ved høgrebreidda av elva Dnepr, kring 100 km sørvest for Dnipropetrovsk. Han har kring 120 000 innbyggjarar (2010) og er den tredje største byen i oblastet og blant dei 50 største i landet. Byen er eit senter for industri og samferdsel og ligg ved Kakhovkareservoaret.
- Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nikopol.
Byen var tidlegare ein kosakkplass med namnet Nikitin Rog, og fekk bystatus og det noverande namnet sitt i 1782. I løpet av slutten på 1800-talet vart han ein viktig industriby.
Grava til kosakkleiaren Ivan Sirko ligg i Nikopol.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nikopol, Ukraine» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad Arkivert 2009-02-25 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads