Ninnisbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ninnisbreen er ein stor isbre med mange bresprekkar og haugar, som flyt bratt ned frå det høge platået til sjøen i ein vid dal, ved George V Coast i Antarktis. Han vart oppdaga av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (1911–14) under Douglas Mawson, som namngav han etter Belgrave Edward Sutton Ninnis, som mista livet på ein sledetur under ekspedisjonen den 14. desember 1912 då han fall gjennom ein bresprekk i isbreen.
Remove ads
Utover i sjøen strekkjer Ninnis bretunge seg. I 1962 strekte denne seg 50 km utover i sjøen.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ninnis Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads