Nivaelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Niva (russisk Нива, finsk Nivajoki, nordsamisk Njavejohka) er ei elv på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 36 km lang og har eit nedslagsfelt på 12 800 km². Elva har ei middelvassføring på 165 m³/s.
Ho renn frå innsjøen Imandra, 126 meter over havet, og munnar ut i Kandalaksjabukta i Kvitsjøen ved byen Kandalaksja.
Frå 1936 til 1954 vart det utbygd tre vasskraftverk langs Niva. Installert kapasitet er på 240 MW og årleg kraftproduksjon 1390 GWh.
Elva er forureina av industri og gruveverksemd i området.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Niva (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads