Nizjyn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nizjyn (ukrainsk Ніжин) er ein by i Tsjernihiv oblast (provins) nord i Ukraina, langs Osterelva, 150 km nordaust for Kiev. Han er det det administrative senteret i Nizjyn rajon, men byen er sjølv eit eige distrikt i oblastet. Byen har kring 75 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Byen vart først nemnd i 1147, då han vart nemnd som Unenezj. Under Det polsk-litauiske samveldet fekk Nizjyn Magdeburgrettar (1625) som ein sjølvstyrt by. Nizjyn var ein gong eit stort senter for hasidisk jødedom og grava til rabbi Dovber Sjtsjneuri av Tsjabad-Lubavittsj ligg her. Det var òg eit stort kosakkregiment (fram til 1782) her og eit gresk samfunn.
Jødane slo seg først ned i Nizjyn på byrjinga av 1800-talet etter delinga av Polen. I 1897 var 24 % av innbyggjarane jødar. Ei rekkje pogromar råka hardt jødane mellom 1881 og 1905. Då dei trekte seg attende tyskarane våren 1918 utførte den raude armeen i tillegg fleire pogromar. Under andre verdskrigen vart regionen okkupert av Nazi-Tyskland, som utrydda alle jødane i området. Berre dei få som klarte å rømme, overlevde. I 1959 var det kring 3 % jødar i Nizjyn og i 2005 var det berre kring 300 jødefamiliar i byen .
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nizhyn» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads