Nordaustregionen i Brasil

ein av dei fem offisielle politiske regionane i Brasil From Wikipedia, the free encyclopedia

Nordaustregionen i Brasil
Remove ads

Nordaustregionen i Brasil (portugisisk: Região Nordeste do Brasil) er ein av dei fem offisielle og politiske regionane i landet ifølgje det brasilianske instituttet for geografi og statistikk. Regionen er kjent som Nordeste («Nordaust») i Brasil. Av dei tjueseks statane i landet femner han om ni: Maranhão, Piauí, Ceará, Rio Grande do Norte, Paraíba, Pernambuco, Alagoas, Sergipe og Bahia, saman med Fernando de Noronha-øygruppa.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Nordeste var den første delen av Brasil som vart kolonisert av portugisarane og andre europeiske folk, og spelte ei avgjerande rolle i landets historie. Dialektar og kultur i Nordeste, inkludert folklore, kjøkken, musikk og litteratur, vart lettast gjenkjennelege over heile landet. Den dag i dag er Nordeste kjent for historia og kulturen, så vel som for naturmiljø og varmt klima.

Nordeste strekkjer seg frå atlanterhavskysten i nordaust og søraust, nordvest og vest til amazonasbassenget og sørover gjennom espinhaço-høglandet i det sørlege Bahia. Regionen omkrinsar São Francisco-elva og dreneringsbassenget, som var medverkande til utforsking, busetjing og økonomisk utvikling av regionen. Regionen ligg heilt innanfor jordas tropiske sone og omfattar caatinga, atlanterhavsskogen og ein del av cerrado-økoregionane. Klimaet er varmt og halvtørt, varierande frå xeric i caatinga, til mesic i cerrado og hydrisk i atlanterhavsskogen.

Nordaustregionen representerer 18 % av brasiliansk territorium, har ein folkesetnad på 53,6 millionar menneske, 28% av den totale befolkninga i landet, og bidreg med 13,4 % (2011) av Brasil sitt BNP. Nesten tre firedelar av befolkninga bur i urbane område gruppert langs Atlanterhavskysten og rundt 15 millionar menneske bur i innlandet. Det er ein fattig region: 43,5 % av befolkninga lever i fattigdom, definert som mindre enn USD 2/dag.[1]

Delstatshovudstadar inkluderer Salvador, Recife, Fortaleza og São Luís, alle kystbyar med over éin million innbyggjarar kvar.[2]

Nordeste har ni internasjonale flyplassar, og regionen har det nest største talet på passasjerar i landet, omtrent 20 %.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads