Nordic Voices

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nordic Voices
Remove ads

Nordic Voices er ein norsk vokalsekstett som vart starta i mai 1996. Ensemblet består av seks medlemer med utdanning frå Norges musikkhøgskole og Statens operahøgskole. Repertoaret spenner frå gregoriansk song til nyare og moderne klassisk musikk. I tillegg til konsertar i Noreg, har koret turnert og opptrådt i ei rekkje land, m.a. USA, Taiwan, Japan, Sør-Afrika og fleire europeiske land. I 2007 gav dei ut albumet Reges Terrae med musikk frå 1500-talet spelt inn i mellomalderbasilikaen Ringsaker kyrkje i Hedmark.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
Remove ads

Utmerkingar

  • Dei vart nominerte til Spellemannprisen 2007 i klassen klassisk musikk for Reges Terrae.
  • Fartein Valen-prisen i 2008.
  • Gammleng-prisen i 2010 i klassen kunstmusikk.

Diskografi

  • Sense & nonSense (JDR, 2001)
  • Reges Terrae (Chandos, 2007)
  • Djonki don (Aurora, 2008)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads