Nordlyskatedralen Alta kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nordlyskatedralen Alta kyrkje er ei kyrkje i Alta frå 2013. Katedralen er laga i ei nordlysliknande spiralform og har eit tårn med totalhøgd på 47 meter. Katedralen er ei fleirbrukskyrkje med mange ulike rom fordelt på tre etasjar. Han har 350 sitjeplassar.[1] Utsmykkinga og dei liturgiske møblane i kyrkjerommet er utforma av den danske kunstnaren Peter Brandes.[2][3]
Remove ads
Bygget
Nordlyskatedralen er den nye hovudkyrkja i Alta sokn i Alta prosti i Nord-Hålogaland bispedømme, etter Alta kyrkje. Den nye kyrkja vart til etter 40 år med innsats frå den lokale kyrkjelyden. Byggjeperioden var frå 2009 til 2013. Hovudentreprenør var Alta-selskapet Ulf Kivijervi AS.[4]
Vigslingsgudstenesta for Nordlyskatedralen vart halden sundag 10. februar 2013 og vart kringkasta direkte i radiogudstenesta i NRK P1 den dagen og på nett-TV. Til stades på gudstenesta var Kronprinsesse Mette-Marit og biskop i Nord-Hålogaland, Per Oskar Kjølaas.[5][6]
Remove ads
Galleri
- Nordlyskatedralen sett frå Markedsgata.
- Nordlyskatedralen i oktober 2018.
- Kyrkjeorgelet i Nordlyskatedralen.
- Døypefonten i Nordlyskatedralen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads