Noregs Bank

noregs sentralbank From Wikipedia, the free encyclopedia

Noregs Bank
Remove ads

Noregs Bank er den norske sentralbanken. Han vart oppretta av Stortinget i 1816 og har sidan 1950 hatt den norske staten som eineeigar. Opphavleg hadde Noregs Bank tilhald i Stiftsgarden i Trondheim, men han ligg i dag i Oslo. Dei viktigaste ansvarsområda til banken er:

  • Gjennomføring av den norske pengepolitikken ut frå mandat gjeve av regjeringa. Det operasjonelle målet for pengepolitikken er i dag eit fleksibelt inflasjonsmål på 2,5 %. Det viktigaste verkemiddelet for å nå dette er styringsrenta.
  • Sikring av finansiell stabilitet.
Kjappe fakta Offisielt namn, Type ...

Sjefen for Noregs Bank heiter Ida Wolden Bache. Banken blir leia av eit hovudstyre på sju medlemmer, der sentralbanksjefen er leiar. Det er hovudstyret som tar avgjerder om renteendringar.

Verksemda til Noregs bank blir regulert av Sentralbanklova.

Remove ads

Sjå også

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads