Noregs forskingsråd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Noregs forskingsråd
Remove ads

Noregs forskingsråd eller Norges forskningsråd er eit norsk statleg forvaltingsorgan oppretta av regjeringa. Det har ansvar for å finansiera, fremja og marknadsføra norsk forsking. Rådet forvaltar forskningsmiddel og gjev råd til styresmaktene innan forskingspolitikk, mellom anna gjennom forslag til forskingsbudsjett[2] i statsbudsjettet. Andre oppgåver er å fungera som møteplass mellom forskarar, næringsliv, dei som bruker og dei som finansierer forsking. Forskingsrådet bidreg også til å gjera norsk forsking meir internasjonalt orientert, gjennom forskingssamarbeid og gjennom deltaking i EU sine forskingsprogram.[3]

Kjappe fakta Type, Org.nummer ...
Remove ads

Organisasjon

Forskningsrådet er underlagt Kunnskapsdepartementet. Saman med Nærings- og handelsdepartementet står dei to departementa bak halvparten av midla til rådet. Totalt forvaltar Noregs forskingsråd eit budsjett på 11,7 milliardar kroner (i 2022).[4]

Forskingsformidling

Forskningsrådet skipa i 2002 den uavhengige nettavisa Forskning.no. Nettavisa syndikerer artiklar frå formidlingsmagasina til norske universitet og forskingsinstitusjonar.

Rådet oppretta også Forskingsdagane, ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar viser fram verksemda si for allmugen.

Nysgjerrigper er Forskingsrådet sitt tilbod til barn og unge. Proscientia[5] er tiltaket deira for å auka interessa for forsking og vitskap blant ungdom. Proscientia organiserer mellom anna Konkurransen Unge Forskere.

Remove ads

Forskingsrådet sine prisar

  • Norges forskningsråds formidlingspris
  • Norges forskningsråds pris for fremragende forskning
  • Forskningsrådets innovasjonspris
  • Forskningsrådets pris for unge fremragende forskere[6]

Sjå òg

  • Det europeiske forskingsrådet

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads