Norwegian Air Shuttle

flyselskap frå Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Norwegian Air Shuttle
Remove ads

Norwegian Air Shuttle ASA OSE: NAS er eit flyselskap som driv med lågprisflyging i Noreg og Europa. Norwegian har den administrative basen sin på Fornebu, den tekniske basen i Stavanger og den operative basen i Bergen og Oslo. Alle flya er måla med raud nase og ulike norske «heltar» på halen.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Thumb
Norwegian Boeing 737-300 LN-KKP Kirsten Flagstad
Thumb
Diamanten, hovudkontora til Norwegian
Remove ads

Historie

Flyselskapet vart etablert i 1993, etter at Busy Bee gjekk konkurs, og spesialiserte seg på å vere operatør for Braathens SAFEVestlandet med Fokker 50. Hausten 2002 tok Norwegian opp konkurransen med SAS Braathens på innanriksflygingar i Noreg. Frå 1. september 2002 vart verksemda endra til eit lågprisselskap, og hovudfokuset er no å tilby lågprisflygingar med Boeing 737.

I dag er Norwegian eit lågprisflyselskap med norske, europeiske og oversjøiske ruter. Norwegian har om lag 3000 tilsette og 91 fly av typen Boeing 737-800 med 186/189 sete, dei har òg nokre Boeing 787-8 med 291 sete. Norwegian har tinga til saman 91 fly av typen Boeing 737-800, 18 fly av typen Boeing 737 Max 8, i tillegg til åtte fly av typen Boeing 787-8 og 29 Boeing 787-9. Norwegian har og bestillingar på den nye a321LR fra Airbus. Selskapet har om lag 50 prosent marknadsdel på dei rutene dei flyg i Noreg. Norwegian tilbyr totalt 382 ruter til 121 destinasjonar i 32 land i 4 verdsdelar.

Remove ads

Destinasjonar

Sjå eigen artikkel: Norwegian Air Shuttle destinasjonar

Thumb
Ein Boeing 737-800 frå Norwegian tek av
Thumb
Inni ein Boeing 737-800 frå Norwegian Air Shuttle

Flyflåte[2]

Meir informasjon Type, Antall ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads