Novotsjerkassk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Novotsjerkassk
Remove ads

Novotsjerkassk (russisk Новочерка́сск) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg rundt 65 km nordaust for Rostov-na-Donu. Han har om lag 160 000 innbyggarar.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Novotsjerkassk var tidlegare hovudstad for donkosakkane sitt område. Byen vart grunnlagt i 1805 av Matvej Platov, som administrativt senter for Don Vojsko oblast, då innbyggjarane i Tsjerkassk stanitsa vart nøydde til å forlate heimane sine ved breidda av Don på grunn av de hyppige oversvømmingar.

Under den russiske borgarkrigen var Novotsjerkassk sentrum for Don-armeen sin motrevolusjon og var under kommando av Aleksej Kaledin. Den raude armeen klarte 7. januar 1920 omsider å fjerne dei kvite frå byen.

Under andre verdskrig var Novotsjerkassk okkupert av den tyske armeen mellom 24. juli 1942 og 13. februar 1943.

I 1962 vart lokale matopprør brutalt slått ned av den sovjetiske hæren i det som er vorte kjend som Novotsjerkassk-opprøret.

Remove ads

Økonomi og næringsliv

Novotsjerkassk har ein stor industrisektor, med mellom anna den største lokomotivfabrikk i Russland, med 9900 tilsette, som produserer lokomotiv til jernbanane både i Russland og andre tidlegare sovjetrepublikkar.

Attraksjonar

Novotsjerkassk har ein katedral (1904), palasset til atamanen til kosakkane, og monument over Matvej Platov og Jermak Timofejevitsj.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads