Obelisk i typografi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Obelisk ( ), òg kjend som ein kross eller frå engelsk dagger, er eit teikn som blir brukt i typografi og nokre andre samanhengar. Det finst òg ein dobbel obelisk ( ‡ ).

Kjappe fakta Andre namn, Unicode ...

Utsjånader

Thumb

Bruk i fotnotar

Obelisken blir brukt i typografi til å setja inn fotnotar, slik som ein asterisk nokre gangar blir brukt. Obelisken blir vanlegvis brukt som ein sekundær fotnote der asterisken er den primære. Til dømes i ein tabell:

Meir informasjon Landsdel, Befolkning ...

Her kan dei to typar fotnotane seinare bli forklart som:

*Seinast funne i 2004
†Seinast funne i 2003

Etterfølgjande fotnotar kunne så visast med andre teikn. Valet av desse varierer mykje frå tekst til tekst, og mange av dei er svært spesielle og finst ikkje i mange teiknsett i dag. Derfor bruker ein oftare romartal eller arabiske tal som små, heva tal ved linjene i staden for desse spesielle teikna, til dømes ².

Remove ads

I biografiar

Sidan teiknet kan førestilla den kristne krossen, ser ein det ofte brukt i biografiar (og på gravstene og i nekrologar) før dødsåret til ein person (og asterisk brukt før fødselsåret):

H.C. Andersen (*2. april 1805 — †4. august 1875) var en dansk forfatter...

I reiseplanar

I mange europeiske ruteplanar blir obelisken nytta for avgangar eller ankomster for å visa at denne berre gjeld for sundagar og helgedagar.

I informatikk

Verken obelisk eller dobbelt obelisk finst i ASCII-teiknsetet, men dei finst i Unicode.

Dagger U+2020 † † †
Double dagger U+2021 ‡ ‡ ‡

I fiksjon

I teikneserien Asterix har dei to hovudpersonane, Asterix og Obelix, namn som ein satirisk stavemåte av dei to teikna asterisk og obelisk.

I matematikk

I matematikk, særleg (matematisk) fysikk, blir teiknet av og til brukt i staden for asterisk for å angje hermitisk konjugering (adjungering) av matriser eller operatorar.

I sjakk

Obelisk og dobbelt obelisk blir ofte nytta i notering av utfall av sjakkspel. Obelisk betyr at motparten er sett i sjakk. Dobbeltobelisk blir skrive når ein spelar har sett han annan part sjakkmattt, og dermed vunne partiet.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads