Odd Mæhlum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Odd Mæhlum (8. oktober 19215. juli 2011) var ein friidrettsutøvar frå Hamar, som konkurrerte i spydkast og var medlem av Hamar Idrettslag. Han var Noregs beste i øvinga dei fyrste åra etter 2. verdskrigen og vann fire strake NM-titlar.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Mæhlum vart noregsmeister i spydkast i perioden 1946 til 1949. I 1946 deltok han også i EM i friidrett 1946 i Oslo, der han enda på fjerdeplassen med eit kast på 66,37 meter. Han deltok under Sommar-OL 1948 i London, og kom på femteplass etter eit lengstekast på 65,32 meter.

Hans besterekord i spydkast var på 69,08 meter og vart sett i september 1947 i Vikersund.

Medaljar i norske meisterskap

  • 1946: Gullmedalje – 67,87 m, framom Michael Salomonsen (61,95 m)
  • 1947: Gullmedalje – 66,30 m, framom Einar Røberg (62,63 m)
  • 1948: Gullmedalje – 61,57 m, framom Einar Røberg (61,07 m)
  • 1949: Gullmedalje - 62,46 m, framom Gunnar Strøm (57,81 m)
  • 1950: Sølvmedalje – 59,50 m, bakom Einar Røberg (61,84 m)
  • 1951: Sølvmedalje – 61,29 m, bakom Einar Røberg (63,45 m)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads