Olav Nysæter
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Olav Nysæter (fødd 28. februar 1955) er ein norsk tidlegare fotballspelar. Han var angrepsspelar og toppskårar i 1. divisjon i 1983 med Kongsvinger IL.
Åra 1973 og -74 spelte Nysæter på femtedivisjonslaget Vaaler. Sidan var han aktiv på Flisa IL sitt lag, ein divisjon høgre i seriesystemet. Frå 1980 spelte han for Kongsvinger IL, ein fotballklubb som i 1982 vann 2. divisjon A. I klubbens fyrste sesong i norsk toppdivisjon skåra Nysæter 14 mål og vart toppskårar i serien. Han la opp i 1987.
Nysæter var med i 2 landskampar, begge kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1984. Kampane fann stad i Poznan i Polen den 9. november 1983 og i Potsdam i dåverande Aust-Tyskland tre dagar seinare. Begge enda med norsk 0–1-tap.
- Bronse i seriemeisterskapen: 1986 og 1987 med Kongsvinger IL
Kjelder
- Olav Nysæter, international football player ved eu-football.info
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads