Olav Tretelgja

From Wikipedia, the free encyclopedia

Olav Tretelgja
Remove ads

Olav Tretelgja var ein konge or Ynglingeætta, son av Ingjald Illråde. Han er den første som etter segna fekk odel i Noreg[treng kjelde].

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Olav laut rømme frå Svitjod eller Svealand etter at far hans fall, av di sveane ikkje ville ha meir med ynglingane å gjere. Han vart jaga til skogbygdene i Värmland, som han rydda, og slik fekk han og namnet sitt, av di han sjølv var med og hogg tømmer der. Olav ekta dottera til kong Halvdan Gulltann i Solør, Solveig, og dei fekk sønene Ingjald og Halvdan Kvitbein.

Olav vart innebrend av di sviane i Värmland trudde han gav dei dårlege år. Motsett dei førre ynglingekongane nekta han å blote. Seinare vart det røynd at uåra kom av stor folkevekst i landet, og kongen hadde ikkje skulda. Folk valde då Halvdan, sonen til Olav, til konge for seg.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads