Olderfjorden i Sortland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

68°42′10″N 14°56′24″E Olderfjorden er ein fjordarm av Eidsfjorden i Sortland kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 5,5 km nordover til Olderfjordbotnen.

Fjorden har innløp mellom Hamnneset i vest og Enokøya i aust. Det ligg fleire øyar og holmar i den ytre delen av fjorden, som Geitholmen, Storøya og Vedhoggøya. På nordsida av Vedhoggøya går Ytrestraumen. Det er ikkje vegsamband langs fjorden og berre eit par spreidde gardsbruk.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads