Norrønt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Norrønt
Remove ads

Norrønt eller vestnordisk (tidlegare oldnordisk) er språket som vart brukt i Noreg, på Island og dei andre norrøne busetjingane i Nordsjøområdet i tida frå om lag 700 til om lag midten på 1300-talet.

Thumb
Omtrentleg utbreiing av norrønt og nærskylde språk tidleg på 900-talet. Det raude feltet viser norrønt, det oransje austnordisk og det rosa gammalgutisk. Det grøne området viser utbreiinga av andre nærliggjande germanske språk.

Namnet oldnordisk kjem av at ein ei tid tenkte at norrønt var opphavet til alle dei nordiske språka. Dette fann ein seinare ut ikkje var tilfellet då opphavsspråket er urnordisk. Norrønt er den vestnordiske greina av urnordisk, det som seinare vart norsk, færøysk, islandsk og norn. Den andre greina, austnordisk, er opphavet til svensk og dansk.

Det var ikkje noko klart skilje mellom aust- og vestnordisk, og fram til 1200-talet såg ein på dei som det same språket; dansk eller dǫnsk tunga. Dei som snakka dette språket kunne òg lett samtala med talarar av andre germanske språk, som gammalengelsk, gammalsaksisk og andre nedertyske språk.

Remove ads

Språkhistorie

Frå seint på 1100-talet kjem det til syne merkbare skilnader mellom språket i Noreg og på Island og dersom ein har bruk for å skilja mellom desse snakkar ein om gammalnorsk og gammalislandsk. I eldre språkbruk nytta ein i Noreg ofte ordet gammalnorsk for språket i heile det norrøne språkområdet, men denne tydinga har no gått av bruk.

Norrønt skriftspråk

Thumb
Side frå Frostatingslova, frå rundt 1260.

Dei islandske sogene er skrivne på norrønt. Språkleg vert perioden delt inn i eldre norrøn tid (7001150) og yngre norrøn tid (11501350).

Ein skreiv først språket med runer, eigne norrøne bokstavar med opphav i det latinske alfabetet eller i andre olditaliske alfabet. Det uendra latinske alfabetet kom til Noreg1000-talet. Dette tok etter kvart over, og runeskrift gjekk or bruk.

1800-talet vart det utvikla ein normalisert skrivemåte (ortografi) for norrønt språk. Det er denne som stort sett er brukt i innføringsbøker og ordbøker. Den normaliserte skrivemåten nyttar det latinske alfabetet utan c, q, w, x og å, men med dei tre ekstra teikna þ, ð og ǫo med kvist»). Ein aksent ´ over ein bokstav angir lang vokal. Dei opphavlege handskriftene utviser stor variasjon i ortografien avhengig av geografisk og tidsmessig opphav.

Remove ads

Døme på norrønt språk

Teksten nedanfor er frå Egilssoga. Versjonen er frå eit manuskript frå 1200-talet.

Meir informasjon Teksten i manuskriptet, bokstav for bokstav, Same tekst på normalisert norrønt ...

Morfologi

Morfologien av norrøne substantiv er sette saman av fire kasus (nominativ, akkusativ, genitiv, og dativ) og to tal (singularis og pluralis). Verba er bøygde i numerus og person etter subjektet, og etter ulike tider og modi.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Incubator - Wikipedianorrønt


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads