Ole Ellefsæter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ole Ellefsæter
Remove ads

Ole Martin Ellefsæter (15. februar 193918. oktober 2022)[1] var ein norsk langrennsløpar og friidrettsutøvar. Ellefsæter var fødd på Furnes i Ringsaker.

Kjappe fakta

Under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1966 vann Ellefsæter gull på 4 x 10 km stafett, og sølv på 15 km. Han vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1968 i Grenoble, både 50 km og 4 x 10 km stafett. I 1971 vart han den første nordmannen til å vinne Vasaloppet. Av norske utøvarar er det berre Anders og Jørgen Aukland som elles har vunne dette løpet.

Ellefsæter deltok òg i friidrett og vann 3 000 meter hinder heile 6 gongar på rad under noregsmeisterskapa 1960-1965.[2] Han hadde ei personleg bestetid på 8:43.8 minutt, som han oppnådde på Bislett stadion i juni 1962.

Ole Ellefsæter vart tildelt Egebergs Ærespris i 1965 og Holmenkollmedaljen i 1967, som han delte med Toini Gustafsson. I tillegg fekk han Fearnleys olympiske ærespris etter OL i 1968.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads