Ole Myrvoll
norsk økonom, politikar og professor From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ole Myrvoll (18. mai 1911–16. juli 1988) var ein norsk økonom og politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet.
Utdanning og yrkeskarriere
Myrvoll blei fødd i Kragerø. Han blei uteksaminert som cand. oecon. i 1935, og tok mastergrad ved University of Virginia i 1937. Han arbeidde ved Norges Handelshøyskole i Bergen og fullførte doktorgrad der i 1957. Han var professor i teoretisk samfunnsøkonomi ved NHH frå 1957, og var gjesteprofessor ved Colgate University New York (1958–1959) og Bowdon College i Maine (1962).
I 1947 kom han inn i formannskapet i Bergen for Venstre.
Remove ads
Regjering
- 28. august - 25. september 1963: Statsråd og sjef for Løns- og prisdepartementet (løns- og prisminister) i den kortliva regjeringa Lyng.
- 12. oktober 1965 - 17. mars 1971: Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Regjeringa Borten
Ordførar i Bergen
Frå 1972 til 1973 var han den første ordføraren i den samla storkommunen Bergen.
Stortingsrepresentant
Då Venstre blei splitta i 1972 gjekk Myrvoll med i Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet). I 1973 vart han valt inn på Stortinget for DNF, den einaste gongen partiet fekk valt inn ein stortingsrepresentant.
Stortingskomitéar
- 1973–1977 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
Seinare yrkeskarriere
Etter tida si på Stortinget hadde Myrvoll ei rekkje styreverv, mellom anna som styreleiar for NORAD frå 1977 til 1983. Han døydde i Bergen.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads