Olenjok

From Wikipedia, the free encyclopedia

Olenjok
Remove ads

Olenjok (russisk Оленёк) er ei stor elv nord i Sibir i Russland. Elva er 2292 km lang, der rundt 1000 km kan nyttast til skipsfart, og har eit nedslagsfelt219 000 km². Den største sideelva hennar er Arga-Sala.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Elva har utspring nord på Det sentralsibirske platået og renn frå her nordaustover gjennom Olenjok, før ho munnar ut i Olenjokbukta i Laptevhavet ved Ust-Olenjok like vest for Lenadeltaet.

Olenjok er kjend for å vere rik på fisk. Ho er isdekt over åtte månader kvar år og klimaet i området er hardt.

  • Djangylakh eller Dzjangylakh (Ostrov Djangylakh) 73.089°N 120.140°E / 73.089; 120.140 er ei stor, flat deltaøy som ligg ved munningen av Olenjok. Det er fleire mindre øyar like i nærleiken, som Eppetøya på austsida, men ingen er like store. Djangylakh er 21 km lang og 16 km brei.
Remove ads

Historie

Den russiske polfararen Vasilij Prontsjisjtsjov og kona hans Maria Prontsjsjtsjova døydde av skjørbuk i dette området i september 1736, medan dei kartla kysten av Laptev Sea. Begge vart gravlagde ved munningen av Olenjok

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads