Olga Bitsjerova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Olga Antoljevna Bitsjerova (fødd 26. oktober 1967) er ein russisk tidlegare turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Ho vann mangekampen ved Turn-VM 1981 og Turn-EM 1983.
Bitsjerova vart i 1981 verdsmeister i lagtevlinga på heimebane i Moskva. Sidan i meisterskapen sigra ho i mangekampen, men deltok ikkje i apparatfinalane. Det gjorde ho derimot då ho året etter gjekk til topps i mangekamp ved verdscupfinalen i Zagreb. Her vann ho frittståande og hopp, kom på andreplass i skranke og vart nummer 3 på bom. Også under europameisterskapen 1983 i Göteborg triumferte Bitsjerova i mangekamp, frittståande og hopp. I Turn-VM 1983 i Budapest var ho med å vinne gullmedalje i lagtevlinga, individuelt kom ho som best på femteplass i hopp.
Bitsjerova var aktiv til 1988, utan seinare å få delta i dei internasjonale meisterskapane. Ho var ei tid gift med turnaren, ukrainske-franske Valentin Mogilnij, som òg var aktiv for Sovjetunionen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Olga Bicherova» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads