Ollam
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ollam eller ollamh var ein meister innan eit visst yrke eller dugleik innan tidleg irsk litteratur.
Skaldeskap
Vanlegvis viste ollam til ein profesjonell diktar eller skald av litteratur og historie. Denne hadde den høgaste av dei sju filí-rangene, og blei nådd etter minst tolv år med studiar.[1]
Som ein del av det kongelege hoffet kunne ein ollam kombinera funksjonane til ein diktar, historieforteljar og historikar, og kunne attgje ei nøyaktig ættetavle.[2] Yrket var vanlegvis ein familietradisjon.[3]
Allereie i 574 blei medlemmar av klanen Ó hUiginn (O'Higgins) omtalte som arvelege diktar ved hoffa til irske fyrsta og hovdingar.[4] Med dette fekk dei ein adelsstatus som var nest etter kongen, og hadde rett til å ha på seg klede med like mange fargar som han.
Remove ads
Annan bruk
Ordet blei òg brukt for å visa til den høgaste medlemmen av ei gruppe; slik at ein ollam brithem var den høgaste rangen av dommar, og ein ollam rí den høgaste rangen av konge. Ollav blei òg brukt om ein druiderang, stort sett med same tyding som «professor», eller «person med stor lærdom».[5]
Det fanst ei offisiell stilling i det gamle Irland som heitte "Rí Ollam" eller "Ard Ollam" Den som hadde posten hadde rang lik den til overkongen av Irland.[5]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads