Olof Palme
svensk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sven Olof Joachim Palme (30. januar 1927–28. februar 1986) var ein svensk sosialdemokratisk politikar som var statsmnister frå 1969 til 1976 og frå 1982 til 1986.

Remove ads
Bakgrunn
Olof Palme kom frå ein overklassebakgrunn, og budde i oppveksten på Östermalm i Stockholm.
Karriere
Palme var konsultativ statsråd 1963-1965, kommunikasjonsminister 1965-1967, utdanningsminister 1967-1969, statsminister 1969-1976 og 1982-1986. Han var partileiar frå 1969 til 1986. Olof Palme var utdanna som jurist.
Han var den siste statsministeren som vart titulert «excellens» (i 1970).
Drap
Palme vart skoten på Sveavägen sentralt i Stockholm den 28. februar 1986. Palmemordet og etterforskinga etterpå var eit nasjonalt traume for Sverige som i lang tid sette sitt preg på samfunnsdebatten. I 1989 vart den uføretrygda rusmisbrukaren Christer Pettersson funne skuldig i mordet og dømd til livsvarig fengsel, men allereie nokre månader seinare vart han frifunnen på grunn av manglande prov og feil i samband med etterforskninga. Framleis er ingen dømd for mordet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads