Olympique Marseille

From Wikipedia, the free encyclopedia

Olympique Marseille
Remove ads

Olympique de Marseille er ein fransk fotballklubb i Marseille. Klubben vart stifta i 1899, og har med nokre små unnatak spela i toppdivisjonen i fransk fotball. Marseille har vorte seriemeistrar ni gongar, og har ti gongar gått til topps i den nasjonale cupen, det siste er rekord i Frankrike. I 1993 vann klubben Meisterligaen, eit meisterstykke ingen annan fransk klubb har makta. Året etter triumfen i den europeiske fotballturneringa vart Marseille, grunna ein bestikking-skandale, dømt til å rykke ned ein divisjon og vart fråteken seriemeistertittelen.

Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...

Olympique Marseille har sidan 1937 spela heimekampane på Stade Vélodrome, eit stadion med plass til vel 60 000 tilskodarar. Banen ligg i sørdelen av byen. Klubben har ein stor tilhengarskare, og er jamnast den klubben i Frankrike med høgste tilskodartal på heimekampane.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads