Om
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Om (russisk Омь) er ei elv i sør i Det vestsibirske låglandet i Russland og ei av sideelvane til Irtysj frå høgre. Elva er 1091 km lang og har eit nedslagsfelt på 52 400 km². Elva har ei middelvassføring på 814 m³/s.
- Denne artikkelen handlar om elva. For omgrepet i hinduismen, sjå aum.
Om har utspring i Vasjuganmyrene på 145 moh, i grenseområda mellom Novosibirsk og Omsk oblast. Ho renn frå her hovudsakleg vestover gjennom dei nordlege delane av Barabasteppene. Frå midten av elva byrjar ho å meandere kraftig og munnar ved byen Omsk i elva Irtysj, på 69 moh.
Nær munningen har ho ei vassføring på 50 m³/s (minimum i mars med 4,9 m³/s, maksimum i juni med 156 m³/s). I den nedre delen er elva 120 m brei og 2 m djup med ein straum på 0,3 m/s. Dei viktigaste sideelvane er Itsja, Kama og Tartas.
Om frys til i månadsskiftet oktober / november og er isdekt til vårløysinga i april / mai. Elva er farbar til Kujbysjev ved høg vasstand, men er ikkje ein offisiell vassveg.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Om (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Store sovjetiske leksikon
- R-ArcticNET - Eit regionalt, elektronisk, hydrografisk datanettverk for den arktiske regionen
- Liste over vassvegane i den russiske føderasjon (Regjeringsforordning av 19. desember 2002) Arkivert 2015-03-18 ved Wayback Machine. (russisk)
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads