Operahuset i Sydney

From Wikipedia, the free encyclopedia

Operahuset i Sydney
Remove ads

Operahuset i Sydney (Sydney Opera House) ligg i Sydney, New South Wales i Australia. Huset er ein av dei mest særprega og berømte bygningane frå 1900-talet, og ein av dei mest vidgjetne arenaene for kunstnarlege oppføringar i verda.

Kjappe fakta Arkitekt, Opna ...
Remove ads

Operahuset er teikna av den danske arkitekten Jørn Utzon og er plassert på Bennelong Point i hamna i Sydney, med ein park i sør og nær den enorme brua Sydney Harbour Bridge. Bygningen og omgjevnadene er eit ikon for Australia. For nokon minner dei runde skjel-seksjonane om ein flåte av kvite seglskip som ofte er å sjå i hamna i Sydney.

Thumb
Operahuset i Sydney på kveldstid

Operahuset i Sydney har omtrent 1000 rom, inkludert fem teatersalar, fem øvingsstudio, to hovudhallar, fire restaurantar, seks barar og talrike suvenirbutikkar.

Taket er konstruert av 1 056 000 kvit-glaserte granittfliser, importert frå Sverige. Til trass for sjølvreinsande natur treng dei periodisk vedlikehald. Interiøret er komponert av lyseraud granitt importert frå Tarana, New South Wales, og tre og kryssfiner kjem frå nordlege New South Wales.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Operahuset i Sydney


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads