Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943 var det jødiske opprøret mot transporten av resten av ghettobefolkninga i Warszawa til den nazistiske konsentrasjonsleiren Treblinka. Oppreisten starta alt 18. januar, men den viktigaste delen av han var frå 19. april til 16. mai.

Remove ads
Bakgrunn
I 1940 begynte nazistane å samle dei tre millionar polske jødane i nokre ekstremt overfylte ghettoar. Den største av desse var Warszawaghettoen, der ca 400 000 menneske vart stua saman. Mange døydde av svolt og sjukdom under desse tilhøva, sjølv før nazistane begynte å sende folk frå ghettoen til utryddingsleiren Treblinka. Om lag 300 000 ghettobuarar døydde i Treblinka hausten 1942.
Då deportasjonane byrja, trudde jødiske motstandsfolk først at folk vart sende til arbeidsleirar, men på slutten av 1942 vart det klart at deportasjonane var ledd i utryddingsprosessen, og det vart bestemt at ein skulle gjere motstand.
Remove ads
Kampane
18. januar begynte tyskarane den andre deportasjonsbølgja, og dette førte til det første opprøret i ghettoen. Partisanar frå «Den jødiske kamporganisasjonen» ZOB engasjerte tyske soldatar i to direkte samanstøytar. Sjølv om ZOB hadde store tap, vart deportasjonen mindre enn planlagt. To jødiske motstandsorganisasjonar, ZOB og ZZW, tok kontroll over ghettoen. Dei bygde stillingar og avretta samarbeidsfolk, mellom dei folk frå det jødiske ghettopolitiet.
Remove ads
Styrkane

Partisanane var for det meste væpna med pistolar og revolverar. Berre nokre få rifler og maskinpistolar var tilgjengelege. Dei hadde lite ammunisjon, og var avhengige av heimelaga småbomber og Molotov-cocktails. Nokre våpen til vart skaffa i løpet av oppreisten eller tekne frå tyskarane.
Det var berre avgrensa støtte frå utsida av ghettoen, men polske motstandseiningar frå Armia Krajowa [3] og Gwardia Ludowa[4] gjekk til åtak på tyske vaktpostar nær ghettomuren og freista å smugle våpen, ammunisjon og anna utstyr inn i ghettoen.
Fleire ZOB-kjemparar kom seg unna gjennom kloakken med hjelp av polakkane. Ei polsk eining frå AK kjempa jamvel inni i ghettoen i lag med ZZW. Einingar frå AK prøvde òg å sprengje ghettomuren, men vart stansa av tyskarane. AK og GL engasjerte tyskarane på seks ulike stader utanfor ghettomuren mellom 19. og 23. april.

Tyskarane sette inn over 2 000 tungt væpna soldatar, inkludert folk frå Waffen SS.

Også polske, ukrainske, latviske og litauiske hjelpestyrkar vart bruka.
Tysk åtak
Den 19. april gjekk tyske styrkar inn i ghettoen med sikte på å fullføre aksjonen sin på tre dagar. Men dei hadde tap då dei fleire gonger vart angripne av jødiske opprørarar som skaut på dei eller kasta eksplosivar frå sidegater, kloakken eller vindauge. To pansra bilar vart sette i brann av ZOB sine bensinbomber, og den tyske framrykkinga vart stansa.[6]

Tyskarane skifta då ut offiseren som leidde operasjonen, og sette inn SS-Gruppenführer Jürgen Stroop, som sette i gang eit betre organisert bakkeåtak med artilleristøtte.
Den lengst forsvarte stillinga i denne fasen var ZZW-stillinga ved Muranowskiplassen, der to gutar klatra opp på taket og sette opp to flagg, det polske nasjonalflagget og eit blå-kvitt ZZW-flagg. Desse flagga kunne sjåast frå utsida òg, og dei vart ståande i fire dagar trass tyske freistnader på å fjerne dei, og hadde stor moralsk verknad.[7]
Ein tysk pansra bil til vart øydelagd i eit motåtak der ZZW-leiaren Dawid Apfelbaum òg vart drepen.
Etter at Stroop sitt ultimatum om å overgje seg var avslått av forsvararane, begynte nazistane systematisk å brenne ned husa, gate for gate, med flammekastarar. Dessutan sprengde dei kjellarar og kloakkar. "Vi vart slått av flammane, ikkje av tyskarane", har Marek Edelman sagt.
ZZW mista alle leiarane sine og den 29. april rømte dei attverande motstandskjemparane frå ZZW gjennom Muranowskitunnelen og samla seg i Michalinskogen. Då var det stort sett slutt på dei større kampane og den organiserte motstanden.


Dei sivile og motstandsfolka som enno var i live i ghettoen, gøymde seg i ruinane. Tyske troppar bruka hundar for å finne gøymestadene deira, og røykbomber og tåregass for å tvinge folk ut. I mange høve kom jødane ut av gøymeplassane sine med våpen i hand og skaut eller kasta granatar mot fienden. Små grupper av opprørarar gjekk til åtak på tyske patruljer om natta. Men tyskarane leid små tap etter dei første ti dagane av oppreisten.
Den 8. mai oppdaga tyskarane ZOB sin hovudkommandopost i Milagata 18. Dei fleste leiarane og dusinvis av partisanar vart drepne, medan andre gjorde sjølvmord med cyanid for ikkje å kome levande i tyske hender. Mellom dei døde var ZOB-kommandant Mordechaj Anielewicz. Nestkommanderande Marek Edelman kom seg unna gjennom kloakkane saman med ei handful av kameratar. To dagar etter gjorde bundisten Szmul Zygielbojm sjølvmord i London i protest mot manglande vestleg interesse for å hjelpe opprørarane.
Oppreisten vart offisielt erklært slått ned 16. mai. Men likevel kunne sporadisk skyting høyrast i ghettoen utover sommaren 1943. Siste hendinga var 5. juni, med ei skotveksling mellom tyskarar og ei gruppe jødar utan tilknyting til dei organiserte motstandsgruppene.
Remove ads
Tapstala
Om lag 13 000 jødiske innbyggjarar vart drepne under opprøret. Ca halvparten omkom i brannane tyskarane starta. Dei fleste av dei attverande ca 50 000 innbyggjarane vart fanga av tyskarane og sende til konsentrasjonsleirar, særleg Treblinka.
Dei påtende husa vart jamna med jorda, og ein konsentrasjonsleir vart etablert på staden. Tusenvis av menneske vart drepne der eller i ruinane av ghettoen. SS heldt fram jakta på jødar som kunne gøyme seg i ruinane.
Under Warszawaopprøret i 1944 klarte ein AK-bataljon å redde 380 jødiske fangar frå underleiren Gesiowka. Dei fleste av desse slutta seg straks til AK og opprøret. Nokre få små grupper av ghettoinnbyggjarar klarte å overleve i kloakksystemet under jorda.
Jürgen Stroop vart dømd som krigsforbrytar og hengd i Polen i 1952.
Remove ads
Tilhøvet til Warszawaopprøret i 1944
Ghettooppreisten var ein aksjon i desperasjon – eit val mellom å døy i kamp med berre eit ørlite håp om å kome frå det i live, eller å møte den sikre og passive døden i ein dødsleir. Den andre oppreisten var ein større og meir planlagd og koordinert aksjon frå heile den polske motstandsrørsla. Men hundrevis av overlevande frå det første opprøret tok del også i det andre, og kjempa i Armia Krajowa eller Armia Ludowa.
Remove ads
Brandt på kne
Den 7. desember 1970 knelte den vesttyske sosialdemokratiske kanslaren Willy Brandt spontant då han besøkte eit monument for ghettooppreisten. Handlinga overraska mange og vart kritisert av høgresida i Vest-Tyskland, men hjelpte til å betre tilhøvet mellom aust og vest.
Minne i Israel
Nokre overlevande frå ghettoopprøret danna kibbutzen Lohamey ha-Geta'ot («Ghettokjemparane sin kibbutz») nord for Acre i Israel. I 1984 gav dei ut fire band med personlege vitnemål frå 96 medlemer. Det er òg eit museum på staden. Kibbutzen Yad Mordechai er kalla opp etter Mordechai Anielewicz.
Bilete
- Den opphavlege tyske biletteksten seier: "Jødiske rabbinarar. Forhøyr ved SS-Oberscharführer
- Den opphavlege tyske biletteksten seier: "Desse bandittane gjorde motstand med våpen."
- Ei gruppe jødar avretta på staden etter å ha vorte tekne til fange i ruinane av ghettoen.
- SS-Gruppenführer Jürgen Stroop som fange etter krigen
Sjå òg

- A Generation (film av Andrzej Wajda)
- Border Street (film av Aleksander Ford)
- Oppreisten i Białystokghettoen
- Mila 18 (roman av Leon Uris)
- Pianisten (film av Roman Polanski)
- Uprising(film)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads