Oppstadåa
elv i Sør-Odal From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oppstadåa er ei av to elvar i Noreg som renn begge vegar. Når Glomma mellom Funnefoss kraftverk og Kongsvinger kraftverk ligg høgt renn ho mot nord og når Glomma ligg lågt mot sør. Elva renn frå Storsjøen sørover mot Skarnes.
Foto:
Jan-Tore Egge
Flaum
Det er gjerne to vårflaumar i elva, ein når låglandssnøen smeltar, og ein når vatnet kjem frå fjellet, gjerne kalla Hegge-flaumen.
Området rundt elva vart sterkt råka av flaumen Vesleofsen i 1995. Kor høgt vatnet stod kan ein sjå avmerkt på kyrkjemuren ved Oppstad kyrkje, som ligg ved elvekanten.
Historie
Det var tidlegare tømmerfløyting på Oppstadåa, og nokre stader kan ein sjå rester etter der ein har velta tømmeret uti og der det har vore opplagsplasser for tømmeret.
Elva var i gamle dagar ei viktig ferdselsåre mellom Sør-Odal og Nord-Odal, og rutebåtane «Odølingen» og MS «Storsjø» frakta folk og varer.
Anna
I ei grein av Oppstadåa - Vesleåa - ligg ei småbåthamn ved Ringås. Elva har òg god tilkomst til bade- og fiskeplassar.
Bakgrunnsstoff
- Om MS Storsjø Arkivert 2016-01-16 ved Wayback Machine.
- Sør-Odal kommune sine nettsider
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads