Oranjestad på Aruba

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oranjestad på Arubamap
Remove ads

Oranjestad er hovudstaden og den største byen på Aruba i Kongeriket Nederlanda. Byen ligg på den sørlege kysten nær den vestre enden av det autonome landet.

Kjappe fakta Suveren stat Autonomt land, Grunnlagd ...
Remove ads

Historie

Oranjestad vart bygd rundt Fort Zoutman kort tid etter at det stod klart i 1796. Opphavleg hadde byen igjen offisielt namn, men vart kjend som Paardenbaai. Byen har sidan den gong vore hovudstad på øya.

Byen er kalla opp etter den fyrste kongen, Vilhelm I av Oranien. Han var den fyrste arving til det nederlandske fyrstehuset Oranien-Nassau. Byen fekk namnet på 1820-talet då interessen i Aruba økte grunna oppdaginga av gullførekomstar.

Små delar av byen er danna frå ein rekkje menneskeskapte utvidingar av land ut i havet.

Remove ads

Transport

2,5 kilometer frå sentrum ligg Dronning Beatrix internasjonale lufthamn. Den største hamna på øya ligg i Oranjestad.

Utdanning

I Oranjestad ligg Universiteit van Aruba, som tilbyr program i jus og økonomi, og den største vidaregåande skulen på øya, Colegio Arubano. Dei brukar det nederlandske skulesystemet.

Xavier University School of Medicine er ein USA-basert skule i Oranjestad der undervisninga føregår på engelsk.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads