Orddeling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Orddeling
Remove ads

Orddeling er eit typografisk om­grep for det å de­la ord som kjem på slutt­en av ei linje ved hjelp av binde­strek. Ord­deling føl­gjer vis­se reg­lar som skal gje­ra ord­et lett­are å le­sa rett. Ord­deling kan gje­rast ma­nu­elt ved å skri­va inn ein bin­de­strek og sjølv gjen­nom­­ra lin­je­skift eller det kan gje­rast au­to­mat­isk ved at ein set inn mjuk bin­de­strek, el­ler eit ord­del­ings­pro­gram kan hjelpa til med å de­la orda.

For feildeling av ord, sjå særskriving.
Thumb
Kolonne av latinsk tekst med orddeling.
Thumb
Skrivemaskinside med orddeling.
Remove ads

Orddelingsreglar

Innanfor språkteknologi viser omgrepet «orddeling» til automatisk innsetjing av moglege bindestrekar (orddelingspunkt) i ord.

Norske ord kan delast etter følgjande algoritme:

  1. Samansette ord kan bli delt mellom dei samansette delane (trekk-spel, atmo-sfære)
  2. Ord kan delast etter morfologiske grenser: Etter eit prefiks eller før eit suffiks (be-stå, skri-ving)
  3. Viss eit ord har fleire stavingar, kan det delast på stavingsgrensa (ba-re, som-mar, ep-le-slang)

Reglane i algoritmane er ordna, slik at tidlege reglar virkar før seinare. Etter den siste regelen er det rett å dele atmos-fære, men ordet blir delt etter den første regelen.

I hovudsak er det to innfallsvinklar til orddeling: Den eine har eit sett med fonologiske reglar (t.d. «sett inn orddelingspunkt framfor kvar konsonant-vokal-sekvens»). Den andre listar opp moglege stammar, som ikkje skal delast, som sfære i dømet ovanfor. I praksis opererer dei fleste orddelingsprogramma med ein kombinasjon av dei to innfallsvinklane.

Ord kan ikkje delast slik at ein bokstav står åleine, midt i ei bokstavsamansetjing som utgjer éin språklyd, slik at ei staving blir delt, i ei forkorting, tal, dato og liknande.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads