Order of Merit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Order of Merit er ein britisk orden grunnlagd 23. juni 1902 av kong Edvard VII, med den prøyssiske ordenen Pour le Mérite som førebilete.

Ordenen blir tildelt av monarken personleg som påskjønning av framifrå innsats for kunst, utdanning, litteratur og vitskap, eller for annan framifrå innsats som monarken ønskjer å påskjønna. Ordar of Merit har éin klasse, medlem, og har ei sivil og ei militær avdeling. I det britiske ordensvesenet rangerer Order of Merit etter Order of the Bath. Medlemskap i ordenen medfører ikkje adelskap, riddartittel eller annan status, men mottakarane av har rett til å nytta bokstavane «OM» etter namnet sitt. Den sitjande britiske monarken er ordensherre.
Remove ads
Insignium
Ordensteiknet for Order of Merit er ein blåkanta raud kross med utsvinga armar. Midtmedaljongen er blå med kvit bord. I midten har han innskrifta «FOR MERIT» i gull. Medaljongen er omringa av ein krans i grønt. Opphenget til krossen er ei krone. Når ordenen er tildelt for militære forteneste ligg to sverd i kross bak krossen. Ordensbandet er raudt og blått.
Tildeling
Ordenen er avgrensa til monarken og 24 medlemmar frå Storbritannia eller Samveldet. Fordi det ikkje følgjer adelskap eller tittel med ordenen, kan Order of Merit nyttast til å æra folk frå Canada, der slike ikkje tillatne. Ordenen har vore open for kvinner frå innstiftinga. I 1907 blei Florence Nightingale den fyrste kvinnelege medlemmen av ordenen. Sjølv om ordenen formelt har ei sivil og ei militær avdeling, er talet på militære tildelingar svært få.
I tillegg til ordinære medlemmar kan utlendingar frå andre land utnemnast til æresmedlemmar. Talet på utnemningar til æresmedlem har vore avgrensa. Det er gjort berre 11 slike tildelingar. Blant æresmedlemmane er flåteadmiral Togo, feltmarskalk Foch, feltmarskalk Joffre, Dwight D. Eisenhower, Albert Schweitzer og Mor Teresa.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads