Ordførar i Noreg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ein ordførar i Noreg vert vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i eit kommunestyre, eller ved direkte ordførarval.

I kommunar som nyttar formannskapsmodellen er ordføraren ansvarleg for å organisere arbeidet i formannsskapet og kommunestyret, medan ein administrativt tilsett rådmann har ansvaret for å leie administrasjonen og for utgreiinga av saker som vert lagt fram for dei folkevalde. Med ein kommuneparlamentarisk modell, som i Bergen og Oslo, har ordføraren ei meir tilbaketrukken rolle, og har ingen formell funksjon ovanfor kommuneadministrasjonen.

Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen, og deltek (ofte med ein tale) ved store og små hendingar.

Ein fylkesordførar er ordførar i eit fylke.

Remove ads

Sjå òg


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads