Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik
ferjesamband From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik var eit ferjesamband mellom Svartemyr, Nordeide, Måren og Ortnevik i Høyanger kommune. Sambandet vart til i 1982 som eit framhald av gamle Svartemyr-Nordeide, og fekk stoppa på Måren og Ortnevik frå sambandet Kongsnes-Nordeide som vart lagd ned same år.
I 1992 vart Svartemyr sløyfa frå sambandet då vestre delen av Høyanger sørside hadde fått veg til den nyopprusta Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og stamvegsambandet Lavik-Oppedal, trass i at dette gav lengre reiseveg for innbyggjarane til kommunesenteret Høyanger.
Våren 2000 vart sambandet slegen saman med båtruta mellom Ortnevik og Vik til det nye bilførande båtsambandet Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik), og med dette var tida som eit ordinært ferjesamband over.
Remove ads
Kjelder
- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 85, 88, 105. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 86. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
- Kristin Ese: «Sørsidevegen i Høyanger» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Balestrand-Kongsnes med ferje til Nordeide» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Høyangertunnelen - Nord-Europas lengste vegtunnel i 1982» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads