Oslo tingrett

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oslo tingrett
Remove ads

Oslo tingrett er tingretten i Oslo med lokale i Oslo tinghus. Rettskretsen omfattar Oslo kommune og fagkretsen omfattar alle sivile tvistemål og straffesaker. Sorenskrivar i tingretten er (2018) Geir Engebretsen. Ankedomstolen er Borgarting lagmannsrett.

Kjappe fakta Hovudkontor, Land ...

Oslo tingrett er den største domstolen i Noreg. Her vert omtrent ein femtedel av alle sivile tvistemål og straffesaker i landet handsama. Tingretten er delt i åtte rettsavdelingar med avdelingsleiarar, i tillegg er den ei administrasjonsavdeling med direktør. I 2009 vart det handsama over 10 800 saker. Dette fordeler seg på 3 110 straffesaker (meddomsrett), 5 034 einedommarsaker og 2 661 sivile saker. I 2011 hadde Oslo tingrett ei bemanning på omtrent 200 årsverk, her omtrent 72 dommarar og 21 dommarfullmektigar og 85 saksarbeidarar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads