Osterøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Vestland. Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 330,16 km².[1] Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, der Vaksdal kommune dekkjer ein del nordaust på øya.
- Sjå òg Osterøy kommune.
Det bur om lag 8200 menneske (2023) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.
Remove ads
Kommunikasjon
Fredag 3. oktober 1997 vart ein merkedag då den 1065 meter lange hengebrua, Osterøybrua, over Sørfjorden mellom Kvisti på øya og Herland på fastlandet vart opna av samferdsleminister Sissel Rønbeck. Men øya vart første gong landfast i 1985 då brua over Kallestadsundet i Vaksdal kommune stod ferdig. Dette brusambandet gagna berre innbyggjarar i Vaksdal kommune. I tillegg til desse to brusambanda finst ferjesamband mellom Valestrand og Breistein.
Remove ads
Geografi
Fjell på Osterøy
Namn | moh. |
Høgafjellet | 869m |
Brøknipa / Bruviknipa | 822m |
Rispingen | 742m |
Kvamsfjellet | 694m |
Vedafjellet | 673m |
Såtefjellet | 666m |
Stangfjellet | 640m |
Stemmeseggi | 572m |
Vestrefjellet | 559m |
Tveitefjellet / Settnipa | 556m |
Hoklane | 483m |
Erstadfjellet | 466m |
Hæddena | 462m |
Raunelifjellet | 458m |
Rotten | 438m |
Iseggene | 374m |
Burkelandsfjellet | 365m |
Klubben | 352m |
Sørkletten | 341m |
Myrbærstøfjellet | 318m |
Verafjellet | 314m |
Orratuva | 303m |
Folketalsutvikling:
1900[2] | 2000[3][4] | 2023[3][4] |
---|---|---|
5551 | ca. 7050 | ca. 8200 |
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads