Ostravice
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ostravice (polsk Ostrawica, tysk Ostrawitza) er ei elv i Mähren-Schlesien i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Dei moravisk-schlesiske Beskidane og renn gjennom Ostravice, Frýdlant nad Ostravicí, Frýdek-Místek og Paskov til Ostrava, der ho munnar ut i Oder, som ei av sideelvane frå høgre. Ho dannar delvis grensa mellom dei historiske områda Mähren (på venstresida) og Tsjekkisk Schlesien (på høgresida).
Elva har sitt utspring der elvene Bílá Ostravice (Kvite Ostravice) og Černá Ostravice (Svarte Ostravice) renn i hop. Dei renn begge gjennom djupe skogdalar, som er viktige framkomstvegar til feriestadane Bílá og Bílý Kříž. I 1970 vart det bygd ei demning på Ostravice, Šancedemningen, som fungerer som eit ferskvassreservoar for industriområda rundt Ostrava.
Ostravice renn så gjennom det åslendte landskapet mellom landsbyen Ostravice og Frýdek-Místek, og til slutt ut på låglandet rundt det industrialiserte området rundt Ostrava.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ostravice River» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads