Out of Control av Sákis Rouvás
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Out of Control» (engelsk for Ute av kontroll) eller «Tha trelathó (Out of Control)» (gresk Θα τρελαθώ) er ein song av den greske songaren Sákis Rouvás. Songen er skriven av Dimítris Kontópoulos og Aleksándra Zákka. 11. april 2009 var songen teken med på nyutgjevinga av albumet Írthes, This Is Our Night, og seinare same år vart songen òg teken med på EPen Spáse to khróno. Både This Is Our Night og Spáse to khróno inneheld ein gresk og ein engelsk versjon av songen.
15. juli 2008 vart Sákis Rouvás vald internt av Ellinikí Radiofonía Tileórasi til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland. I den nasjonale uttakinga framførte Róuvas tre songer, mellom dei «Out of Control», på engelsk. «Out of Control» fekk ni prosent av røystane og enda på tredje- og sisteplass.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Greece in the Eurovision Song Contest 2009» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Irthes» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Spase To Hrono» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads