Pålemakk

blautdyrslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Pålemakk
Remove ads

Pålemakk (også kalla pelemark og peleorm) er ei slekt av makkliknande muslingar, med sterkt forkrøpla skal[1]. Dei høyrer til i familien Teredinidae, som er utbreidde over store deler av verda. Det finst rundt 65 ulike typar slike muslingar, og av desse finst 4-5 i Noreg[2] Det er funne pålemakk rundt det meste av norskekysten.[3]

Kjappe fakta
Thumb
Treverk øydelagt av pålemakk.

Pålemakk kalklegg gangane sine. Dei er vanlige ned til eit djup på rundt 30 meter. Pålemakk er eigentlig muslingar med skal som er redusert til ei slags borekrone, som sit fremst på kroppen og har ein storleik på omlag 1 cm. Pålemakken er ellers naken og den langstrakte forma gjer at han minner meir om ein mark enn om ein musling[2].

Dei borar lange gangar i trevyrke og kan gjera stor skade ved at angripa skip og båtar av tre, trestolpar under kaier og bryggjer, osb. Pålemakk lever berre i sjøvatn, så ein kan unngå han ved å fortøya båtar litt oppe i ein elveos[4].

Som dei fleste marine muslingar lever pålemakk av partiklar dei filtrerer ut frå vatnet, og ikkje primært trevyrke.[5] Dei tek til seg tre som eit ekstra næringsstoff ved hjelp av bakteriar i nokre av cellene deira.[6] Dei treng likevel ikkje tre for å leva, og kan klara seg på overflata til strukturar av både tre og andre materiale.[7]

Remove ads

Artar

  • Teredo aegypos Moll, 1941
  • Teredo bartschi Clapp, 1923
  • Teredo bitubula Li, 1965
  • Teredo clappi Bartsch, 1923
  • Teredo fulleri Clapp, 1924
  • Teredo furcifera Martens in Semon, 1894
  • Teredo johnsoni Clapp, 1924
  • Teredo mindanensis Bartsch, 1923
  • Teredo navalis Linnaeus, 1758
  • Teredo poculifer Iredale, 1936
  • Teredo portoricensis Clapp, 1924
  • Teredo somersi Clapp, 1924
  • Teredo triangularis Edmondson, 1942

Galleri

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads