Pænda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gabriella Horn (fødd 25. januar 1988[1]), best kjend under artistnamnet Pænda (òg skrive PÆNDA og Paenda), er ein austerriksk låtskrivar og elektropop-artist. Ho representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Limits».[2][3]
Remove ads
Bakgrunn
Horn vaks opp i byen Deutschlandsberg i delstaten Steiermark i Austerrike. Som seksåring byrja ho å synga i kor, og som 14-åring skreiv ho dei fyrste songane sine.[4][5] Ho lærte òg å spela gitar og piano, og ho drog til hovudstaden Wien som 20-åring. Der studerte ho jazz og pop ved Vienna Music Institute og vart uteksaminert i 2013.[6]
Pænda bur no i Ottakring, der ho komponerer musikk, skriv tekstar og melodiar.[5] Ved konsertar får ho instrument- og vokalstøtte av systera si og ei venninne.[7] Ved sida av musikkarrieren jobbar ho òg som songlærar innan popsjangeren ved ein musikkskole i Leobersdorf.[4][8][6] I 2015 deltok ho i den tyske reality-TV-serien Popstars.[9]
Pænda representerte Austerrike i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019 med songen «Limits».[10][11][12]
Remove ads
Diskografi
Singlar
- 2017: «Waves»
- 2018: «Good Girl»
- 2018: «Paper-thin»
- 2019: «Limits»
Album
- 2018: Evolution I
- 2019: Evolution II
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads